DEN LOVBRYTANDE MAKT.

Ulovlige politiaksjoner. Skolene svarer ja til informasjonskampanjer, får narotikarazzia!

Jarle Larsen. Skien  30.11.2018.  

                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                            Gamle kjenninger av samfunnet har i flere år nå gått langt over streken. Men nå er det Lovlig å si at de er skikkelig ute å kjøre. Samfunnet har fått nok. Det er et overgrep. Hatfatet flyter over! 

 

Ordensmakta får så ørene flagrer for tiden, og de mottar  kjeft og tilrop fra kommentarfeltene i de største avisene som omtaler sakene.. Her forsvant den siste tilliten. Det kan de allerede legge til sitt ettermæle ser det ut til. 

 

Bergens Tidende har sakene og omtaler dem svært godt. Vi tar et utdrag fra BT, og dette er så godt skrevet at det må nytes mens man leser. 

 

Denne artikkelen tar utgangspunkt i politiets «informasjonsmøte» på Flora vidaregåande skule for en kort stund siden. 

 

Krigen mot narkotika går mot slutten. " Politiet må slutte å bryte lova for å ta nokre gram hasj."

Den lovbrytande makta. Politiet kan ikke oppføre seg skikkelig lenger og er landets største lovbrytande organisasjon. Ikke bare i utbredelse og antall daglige lovbrudd, men i den gigantiske størrelsen på konsekvensene og de menneskelige tragediene som denne " uskikkeligheten " fører med seg. Det rammer de sårbare, og som vanlig er det barna våre som rammes hardest.

Artikkelen begynner her.

 

DEN LOVBRYTANDE MAKT.   Av Morten Myksvoll. Kommentator BT. 12 Nov. 2018.

Politiet må slutte å bryte lova for å ta nokre gram hasj.

Krigen mot narkotika går mot slutten. Heldigvis, for dei som har vore sett til å føre kampen veit ikkje kva reglar dei skal halde seg til. 

 

Det førebels siste dømet er:  https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/L07w19/Politiet-skulle-informere-skolen-om-narkotika-Det-endte-med-at-to-elever-ble-innbrakt . Det var i realiteten ein fordekt politiaksjon.

 

14 politifolk troppa opp på skulen med to narkotikahundar for å fortelje elevane kor farleg narkotika er. Det kunne sikkert blitt eit nyttig møte, men enda som ein demonstrasjon av politiets forakt for grunnleggjande rettsvern.

 

For å ransake nokon, treng politiet ein konkret mistanke mot enkeltpersonar. Det hadde ikkje politiet. Dei gjennomførte likevel ei vilkårleg ransaking av skulens fellesområde og tilfeldige elevars oppbevaringsskap. Ransakinga av skapa vart forklart med at dei gjorde ein demonstrasjon av søk. Men ein demonstrasjon skjer i kontrollerte former. Brannvesenet tenner ikkje på skulen for å demonstrere korleis brannsløkkingsapparata fungerer. Då hadde nokon reagert. Forklaringa om at politiet hadde mistanke mot to elevar underbyggjer berre inntrykket om at dette var ein aksjon og ikkje eit førebyggjande møte.

 

Det er sjølvsagt ikkje greitt at ungdom tar med seg narkotiske stoff på skulen. Ikkje berre fordi det er ulovleg, eller fordi ein risikerer straff dersom ein vert tatt. Det er heller ikkje greitt at skuleelevar tar med seg lovleg kjøpt alkohol på skulen.

 

Dersom ein lærar veit at ein elev har med seg narkotika, kan skulen kontakte politiet. Men politiet må ikkje gjere beslaget på mest mogeleg audmjukande måte. Dei treng ikkje aksjonere mot skulen, for det står ikkje akkurat om livet. Dei kan vente til skuledagen er over. Men dersom ein skal aksjonere mot skulen, må politiet lære seg at rettsstatens reglar gjeld der òg. Politiet er sett til å vareta den lovstyrte sivilisasjonen vår. Politiet kan ikkje gjere seg til lovbrytar for å ta nokre gram hasj. I 2013 instruerte Justisdepatementet Politiet til å stoppe med slike vilkårlege og generelle aksjonar.  https://www.bt.no/nyheter/innenriks/i/G0Awq/Justisdepartementet-stopper-narkohunder-pa-skoler 

 

Overtrampet i Florø er ikkje eit enkeltståande døme. Politiet er langt ute på skråplanet når det gjeld sitt arbeid på rusfeltet. 

 

Det store dataspeltreffet The Gathering på Hamar er eit ynda mål for politiets vilkårlege søk. Kvart einaste år bruker politiet narkotikahund til å ransake dei mange tusen deltakarane, utan tilstrekkeleg mistanke. Det står ingenting i Straffeprosesslova om at store folkemengder er tilstrekkeleg til å gjennomføre ransaking. Gode intensjonar er ikkje ein lovleg heimel.

Ein vanleg reaksjon er at Politiet tar frå ongdom førerkortet når dei vert tatt for å bruke hasj. Heimelen er vegtrafikklova, som seier at ein skal vere «edrueleg» for å køyre bil. Ein kan drikke alkohol kvar helg, utan å bli fråteken førarkortet. Men vert ein tatt for å røykje hasj éin gong, kan bilkøyringa ryke. På bygda kan det få store konsekvensar for ein ungdoms sosiale liv. Se: https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/J6jRP/--Tar-forerkortet-som-straff 

 

https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/vm2aRw/Jussprofessor--Dette-er-apenbart-lovstridig 

 

Politiet har fått beskjed om å slutte med denne praksisen. Borgarting lagmannsrett har slått fast at det trengs minst tre brotsverk for å bli fråteken førarkortet. Politiet bryr seg ikkje. Dei brukar eit lovforslag som aldri vart vedteken som grunnlag, og vil ikkje føye seg etter domstolens pålegg. Se: https://www.bt.no/nyheter/lokalt/i/J6jRP/--Tar-forerkortet-som-straff 

 

– Jeg er klar over at det foreligger en avgjørelse fra en lavere domstol, men jeg ser ikke at det gjør at vi bør endre vår praksis, sa avdelingsdirektør Kristin Kvigne i Politiet til BT i 2017. Det er ei hårreisande utsegn. Politiet er underordna sjølv «lågare domstolar». Høgsterett er ikkje den einaste domstolen som gjeld i Noreg. 

 

BTs leder: En drøy politiaksjon: https://www.bt.no/btmeninger/leder/i/8wM3jr/Droy-politiaksjon 

 

Høgsterett uttalte seg i 2015. Dei tok ikkje stilling til kravet om tre brotsverk, så det er gjeldande. Men retten slo fast at kravet er eit misbruk av «rusmidler – alkohol, narkotika eller annet berusende eller bedøvende middel – i et omfang og med en regelmessighet som tilsier at han ikke er skikket til å føre motorvogn». I den same rapporten som politiet brukar, står det at eit «kontrollert bruk av rusmiddel ikke i seg selv får konsekvenser for føreretten.» Det er ei formulering Høgsterett støtta. Der rettsvesenet skil mellom bruk og misbruk, ser ikkje politietaten poenget med nyansar. Dei tar difor framleis frå folk lappen ved første sjanse. Når Politiet ikkje lyttar til domstolen, har me som samfunn eit alvorleg problem.

 

Debatt:  Politiets narkotikaarbeid fungerer ikke:  https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/mqmj1/Politiets-narkotikaarbeid-fungerer-ikke                                          Høgsterett uttalte seg i 2015. Dei tok ikkje stilling til kravet om tre brotsverk, så det er gjeldande. Men retten slo fast at kravet er eit misbruk av «rusmidler – alkohol, narkotika eller annet berusende eller bedøvende middel – i et omfang og med en regelmessighet som tilsier at han ikke er skikket til å føre motorvogn». I den same rapporten som politiet brukar, står det at eit «kontrollert bruk av rusmiddel ikke i seg selv får konsekvenser for føreretten.» Det er ei formulering Høgsterett støtta. Der rettsvesenet skil mellom bruk og misbruk, ser ikkje politietaten poenget med nyansar. Dei tar difor framleis frå folk lappen ved første sjanse. Når Politiet ikkje lyttar til domstolen, har me som samfunn eit alvorleg problem.

 

Norsk narkotikapolitiforeining (NNPF) står fremst i kampen for å bruke alle verkemiddel for å ta dei minste mengder narkotika. Dei har 3500 medlemmer frå blant anna politiet, og driv politikk iført politiuniform. Det er brot på politiets uniformsreglement. Der står det at uniforma ikkje skal brukast i politisk samanheng, fordi den «legitimerer politimyndighet». Foreiningas rolle i den offentlege debatten kan samanfattast av den mildt sagt kontroversielle passasjen i Politidirektoratets rapport om narkotikabekjemping frå 2011: «Politiet bør være oppmerksomme på debatter og opptreden som er egnet til å skape sosial aksept for narkotikakriminalitet, for eksempel legalisering av cannabis.» Politiet har monopol på valdsbruk, og det er djupt problematisk at dei blandar den rolla med å vere ein politisk aktør. Ransakinga i Florø må få konsekvensar for politiet. Noreg er ikkje tent med eit politivesen som lagar sine eigne reglar på rusfeltet, men forventar at alle andre følgjer lovene.

 

Meningen var å informere om skadevirkninger og konsekvenser, samt å demonstrere hundesøk. Men hundene markerte på to av elevene, som det i etterkant ble gjort undersøkelser hjemme hos. Det får jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen, til å reagere. – Dette er åpenbart lovstridig og i strid med instruks fra både Justisdepartementet og Riksadvokaten, sier Marthinussen.

 

Politiet skulle informere skolen om narkotika. Det endte med at to elever ble innbrakt.

 

 

 

 

 

SØKSMÅL: Jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen, oppfordrer Elevorganisasjonen til å støtte et søksmål fra elever som ble utsatt for aksjonen.

Han viser til en identisk aksjon som fant sted på en skole i Vestby i 1998. – Det ble bråk i etterkant, og Riksadvokaten utarbeidet en retningslinje for hvordan slike aksjoner skal gjennomføres. Blant annet må man ha en skriftlig underskrift fra elevene for å kunne gjennomføre det, sier han og fortsetter: – Her ble ikke elevene varslet på forhånd og politiet fulgte dermed ikke retningslinjen fra Riksadvokaten. 

 

Jussprofessoren trekker også frem at narkorazzia med hunder på skoler ble stanset av Justisdepartementet i 2013, etter at Elveorganisasjonen truet med søksmål mot departementet.

 

– Her fratar man elevene grunnleggende rettsvern. Politiet gjør dette under dekning av at det er en forebyggende aksjon, og fratar dermed rettighetene elevene skulle hatt under etterforskning.  Sier Jussprofessor ved Universitetet i Bergen, Hans Fredrik Marthinussen.

Om størrelsen på dette utdraget fra artikkelen i Bergens Tidende er kort eller godt kan diskuteres.

 

 Alle samfunnsengasjerte som følger med i de " nye " og viktige sakene for samfunnet, oppfordres til å ta et digitalt abonnent på Bergens Tidende med sin unike plassering i samme by som Norges Lover og Universitetet i Bergen for Samfunnsforskning.    Bergens Tidene er Landets største og beste avis på veien mot  " Normalsamfunnet."

 

Støtt et bedre samfunn for alle,  les  BergenTidende.

 

Se hele artikkelen og flere relevante artikkler i Bergens Tidende her.  ( Abbonent. Desember tilbud  5 Kr. For 5 uker.)

 

 

Artikkelen får en ren sekser på terningen til Røvernytt.